Lokallaget i Sogn og Fjordane
Adopsjonsveka
Lokallaga i Sogn og Fjordane inviterer medlemmer og andre aktuelle personar til spennande arrangement Laurdag 21. november
Stad: Førde Kyrkjelydshus, Biblioteket, Kyrkjevegen 23, Førde
Sett av dagen til ein Førde-tur! Heile programmet og oppdatering på kva som skjer i di lokalforeining kan lastas ned her.
Ventetreff – kl. 12.30-14.00
Den stadig aukande ventetida byr på utfordringar for våre søkjarar. Vi vil difor invitere alle 1. og 2 gongsventarar til eit uformelt treff i Førde. Hovedmålet er å treffe andre i same situasjon og å skape nettverk.
Kva gjer den lange ventetida med oss? Og kva kan vi gjere med den?
Korleis er adopsjonssituasjonen pr. i dag?
Tips/erfaringar frå tida før/under og etter hentereisa.
Dette er eksempel på tema som er aktuelle, men vi er opne for å ta opp det som søkjarane er opptekne av.
Besteforeldre og andre ressurspersonar - kl. 14.30- 17.00
I år har vi vore så heldige å få tak i foredragsholder Ingvild S. Huse. Ingvild S. Huse er utdanna sosionom og har også mellomfag i psykologi og master i sosialt arbeid.
Huse har allsidig erfaring fra mellom anna kommunal barnevernsteneste, bistandsarbeid og rådgjevingstenesta i Adopsjonsforum. Ho er og forfatter av det nye temaheftet som kjem ut i haust, ”Adopterte barn og tilknytning”.
Ingvild S. Huse er for tida høgskulelektor ved Diakonhjemmets sosialhøgskole . Ho har sjølv adoptert to born. Det er med stor glede at vi ynskjer nye og gamle medlemmar, besteforeldre og andre ressusrpersonar i nettverket for våre born velkommen til dette spennande møtet med Ingvild S. Huse.
Pølser, leik og prat!
Svidde pølser på grillen, barn som leika i vasskanten og voksne som prata over kaffikoppen. Det var god stemning då adopsjonsnettverket i Førde hadde vårtur til Hundsrasta 4. mai. Fem familiar med 9 barn og 10 voksne hadde ein fin dag i sola. Neste samling i nettverket vert ”voksenmøte” på Peppes Pizza. Informasjon om dato kjem seinare.
Ynskjer du å få informasjon om nettverket i Førde, ta kontakt med Sigrid Bauge 95 72 99 01 eller Jorunn Liv Kleiven 90 91 92 13.
Adresser
Helge Eide (leiar) |
tlf: 99 22 44 55 |
Olaug Helle (adopsjonskontakt) |
tlf: 57 81 83 02 |
Årsmøte er arrangert |
|
|
|
